Lisensguide

Denne guiden hjelper deg å velje rett Nortype-lisens før kjøp.

Relaterte guidar: Slik fungerer Nortype sin lisensmodell og Rettleiar til Nortype sine lisenstypar. Dei fullstendige juridiske vilkåra står i EULA-en.

English version: Licensing Guide.

Før du kjøper

For å velje rett lisens må du vite tre ting:

  1. Kven er License Owner?
  2. Korleis skal skrifttypen brukast?
  3. Kva er License Owner sitt tal på tilsette?

Dersom License Owner er større enn den største kategorien som er tilgjengeleg i nettbutikken, eller dersom bruken er brei, samansett, uvanleg eller ikkje lista i nettbutikken, bør du kontakte oss før kjøp.

License Owner og selskapsstorleik

License Owner er personen, selskapet, organisasjonen eller institusjonen som juridisk er ansvarleg for merkevara, prosjektet, kommunikasjonen, produkta, tenestene, nettsida, appen, kampanjen eller materialet som skrifttypen representerer.

Dersom skrifttypen skal representere di eiga merkevare eller ditt eige prosjekt, skal du oppgi personen, selskapet eller organisasjonen som juridisk er ansvarleg for denne merkevara eller dette prosjektet som License Owner.

Dersom ein designar, eit byrå, ein utviklar, ein tilsett eller ein innkjøpsperson kjøper lisensen for ein kunde, er kunden License Owner.

Ein lisens dekkjer normalt éin License Owner og éi merkevare. Dersom skrifttypen skal brukast for fleire merkevarer, undermerkevarer, produktmerkevarer, kampanjemerkevarer, tilknytte merkevarer eller andre tydelege identitetar, må du kontakte oss før kjøp.

Lisensprisen er basert på den samla storleiken til License Owner, ikkje på kor mange personar som installerer eller brukar fontfilene direkte.

Tel med personar som arbeider for eller på vegner av License Owner, inkludert tilsette, deltidstilsette, mellombelse tilsette, faste frilansarar, kontraktørar, konsulentar og liknande fast tilknytt personell.

Talet på tilsette er ein del av prisinga, saman med License Type og valde styles. License Type avgjer kva slags bruk lisensen dekkjer.

Dersom License Owner veks inn i ein større kategori, må lisensen oppgraderast før vidare bruk i den større kategorien. Dersom skrifttypen seinare blir brukt på måtar som ikkje er dekte av den opphavlege License Type, må lisensen utvidast før den utvida bruken tek til.

Standard Licenses

Standard Licenses er meint for avgrensa og tydeleg definert bruk av éin License Owner for éi merkevare.

Standard Licenses omfattar Desktop, Web, Social Media, Video, App, Logo / Wordmark og Student.

Desktop License

Ein Desktop License er for installering av Font Software på desktop-maskiner og liknande arbeidsstasjonar for å lage trykksaker og statisk digitalt materiale for éi merkevare.

Desktop-fontar blir leverte i OTF.

Ein Desktop License omfattar ikkje Web, App, Social Media, Video, ATL, Special Use, Enterprise, betalt annonsering, logo- eller wordmark-bruk, varemerkeregistrering eller annan reservert bruk med mindre dette er uttrykkeleg oppgitt.

Web License

Ein Web License er for bruk av godkjende webfont-filer på éi nettside for éi merkevare.

Dette omfattar hovuddomenet, vanlege subdomene og staging- eller utviklingsmiljø for den same nettsida. Webfontar blir leverte i WOFF2.

Desktop-fontfiler kan ikkje brukast som webfontar. Webfont-filer må vere self-hosted av eller for License Owner, med mindre noko anna er skriftleg avtalt.

Social Media License

Ein Social Media License dekkjer organisk bruk i sosiale medium for éi merkevare.

Han dekkjer også avgrensa promotering eller boosting av License Owner sitt eige innhald i sosiale medium, så lenge dette ikkje er del av ein breiare betalt annonsekampanje.

Breiare betalte sosiale kampanjar, sponsa innhald, influencer-kampanjar, betalte plasseringar og betalte videoannonsar krev ein Digital Advertising License.

Video License

Ein Video License er for bruk av skrifttypen i video og motion content for éi merkevare.

TV-sending, kino, titlar for strøymetenester, trailerar, TV-reklame, video-on-demand-distribusjon og liknande broadcast- eller kinobruk krev ein Broadcast / Cinema License.

App License

Ein App License er for innbygging av Font Software i éin app for éi merkevare, til dømes éin mobilapp, éin webapp eller eitt spel i liten skala.

Versjonar for ulike operativsystem, plattformer, språk eller territorium kan vere dekte dersom dei er del av same applikasjon og same merkevare.

Frittståande programvareprodukt, frittståande spel, distribusjon i forlagsskala, brei kommersiell distribusjon, høgeksponert programvarebruk eller større programvare- og spelutrulling krev ein Software License.

Logo / Wordmark License

Ein Logo / Wordmark License er nødvendig når skrifttypen blir brukt til å lage éin logo eller eitt wordmark for éi merkevare.

Denne lisensen gjer at skrifttypen kan brukast i sjølve logoen eller wordmarket. Han omfattar ikkje automatisk varemerkeregistrering, slagord eller bruk utover vanleg logo- eller wordmark-utforming og bruk for den aktuelle merkevara, med mindre dette er uttrykkeleg oppgitt i License Documentation.

Varemerkeregistrering eller formell verneregistrering av ein logo, eit wordmark eller eit slagord som brukar skrifttypen, krev ein Trademark License.

ATL Licenses

ATL Licenses dekkjer offentleg, kampanjebasert, profilerande, merkevarebyggjande eller publikumsretta bruk som ikkje er inkludert i Standard Licenses.

ATL Licenses omfattar:

  • Trademark License
  • Digital Advertising License
  • Out-of-Home License
  • Signage / Wayfinding License
  • Broadcast / Cinema License
  • Electronic Publication License

For ei detaljert oversikt over ATL-lisenstypane, les Rettleiar til lisenstypar.

Kontakt oss dersom du treng ATL-bruk.

Special Use Licenses

Special Use Licenses dekkjer produkt-, programvare-, system-, plattform-, server-, device- og annan teknisk eller kommersiell bruk som ikkje er inkludert i Standard Licenses eller ATL Licenses.

Special Use Licenses omfattar:

  • Software License
  • Automated Document Production License
  • User-Generated Output / SaaS License
  • Document Systems / Brand Portals License
  • Device Embedding License
  • Merchandise / Packaging License
  • Industrial Design License

For ei detaljert oversikt over Special Use-lisensar og det tekniske omfanget deira, les Rettleiar til lisenstypar.

Kontakt oss dersom du treng Special Use.

Enterprise / Unlimited Media

Enterprise / Unlimited Media Licenses er for breiare, kombinerte, forhandla eller opne bruksområde som går utover vanlege Standard, ATL eller Special Use Licenses.

Dette kan omfatte bruk på tvers av fleire License Types, mediekategoriar, territorium, juridiske einingar, merkevarer, leverandørar, plattformer, system, høgeksponerte miljø eller komplekse implementeringskjeder.

Enterprise / Unlimited Media Licenses kan også vere relevante for License Owners som er større enn den største kategorien som er tilgjengeleg i nettbutikken.

Dersom bruken blir brei, langvarig, open eller vanskeleg å handtere gjennom separate lisenstypar, kan ein Enterprise / Unlimited Media License vere den enklaste løysinga.

Kontakt oss for å be om ein Enterprise / Unlimited Media License.

Byrå, leverandørar og ferdige filer

Byrå, designarar, utviklarar, trykkeri og andre leverandørar kan få tilgang til fontfilene når det er rimeleg nødvendig for å utføre lisensiert arbeid for License Owner.

Dei får ikkje sin eigen lisens. Dei kan berre bruke fontfilene til License Owner sin lisensierte bruk.

Dei kan ikkje bruke fontane for eiga verksemd, ein annan kunde, ei anna merkevare eller eit anna prosjekt.

License Owner er framleis ansvarleg for fontbruk hos tredjepartar som får fontfilene eller direkte teknisk tilgang til dei.

Ferdige filer er noko anna enn fontfiler. Du kan dele ferdige PDF-ar, bilete, videofiler, trykkfiler, outline-basert artwork og annan ferdig output, så lenge Font Software ikkje er inkludert eller kan brukast på nytt.

Kjøp på vegner av ein kunde

Dersom du hjelper ein kunde med å velje og kjøpe lisens, skal du velje rett License Type, styles og kategori for tal på tilsette i nettbutikken. I checkout skal du oppgi kunden som License Owner.

Dersom kunden skal betale direkte, kan du fullføre checkout-prosessen og sende Stripe-betalingslenka til kunden. Lenka er aktiv i 24 timar.

Dersom du fakturerer ein kunde for ein Nortype-lisens som del av eit større tenesteoppdrag, bør Nortype-lisensavgifta vere tydeleg skild frå dine eigne design-, byrå-, implementerings- eller tenestehonorar.

Student Licenses

Student Licenses er tilgjengelege på førespurnad for individuelle aktive studentar.

Student Licenses kan brukast til personleg arbeid, utdanning, portfolio og sjølvinitierte prosjekt, inkludert sjølvinitiert kommersielt arbeid av studenten.

Dei kan ikkje brukast til arbeid utført for eller på vegner av ein kunde, arbeidsgivar, eit selskap, ein organisasjon, ein institusjon eller ein annan tredjeparts License Owner.

Dersom arbeid laga under ein Student License blir teke i bruk, bestilt, publisert, brukt eller kommersialisert av ein kunde, arbeidsgivar, eit selskap, ein organisasjon eller ein institusjon, må den parten skaffe rett lisens før bruken tek til.

Trial-fontar

Trial-fontar er for testing og evaluering etter Trial License-vilkåra i EULA-en.

Dei er ikkje ei erstatning for ein kommersiell lisens.

Offentleg, kundevend, kommersiell bruk eller produksjonsbruk krev rett kommersiell lisens før bruken tek til.

Bruk som krev godkjenning

Nokre typar bruk krev godkjenning før kjøp eller bruk.

Kontakt oss før du brukar Font Software i samband med:

  • politiske parti, politiske kampanjar eller politiske organisasjonar
  • religiøse organisasjonar
  • lobbyorganisasjonar, aksjonskomitear, tenketankar eller liknande policy-drivne eller interessepolitiske aktørar
  • alfabetprodukt, bokstavformprodukt, fysiske bokstavforma objekt, husnummer, klistrebokstavar, stempelsett, rub-on-bokstavar, alfabetmalar, skjereformer eller liknande produkt der bokstavformene i seg sjølve er produktet eller ein sentral produkteigenskap
  • redigerbare dokument, malar, presentasjonar, PDF-ar, Office-dokument eller liknande filer som lèt mottakarar redigere tekst med Font Software, hente ut Font Software eller lage nye dokument med Font Software

Dersom vi ikkje svarar på ein førespurnad om godkjenning, er godkjenning ikkje gitt.

Font Software kan ikkje brukast i samband med ulovleg materiale eller ulovleg aktivitet.

Outlined artwork og endring av fontprogramvare

Du kan konvertere tekst til outlines og justere det resulterande ikkje-fontbaserte artworket som del av ein lisensiert logo, eit wordmark, ein illustrasjon, ein layout eller annan ferdig design-output.

Du kan ikkje endre, konvertere, gi nytt namn til, pakke om, subsette, reverse-engineere eller på annan måte endre sjølve Font Software, med mindre Nortype uttrykkeleg har godkjent dette skriftleg.

Be om tilbod

Desktop, Web, Social Media, Video, App og Logo / Wordmark Licenses er tilgjengelege i nettbutikken vår.

Dersom du treng ATL, Special Use, Enterprise / Unlimited Media, godkjenningsbasert bruk eller annan bruk som ikkje er lista i nettbutikken, kan du kontakte oss for eit tilbod.

Ta gjerne med:

  1. License Owner / merkevare- eller selskapsnamn
  2. Konkret merkevare, undermerkevare, produktmerkevare eller kampanjemerkevare, dersom relevant
  3. Selskapsstorleik: totalt tal på tilsette
  4. Tiltenkt fontbruk: License Types, medium, plattformer, system eller miljø
  5. Treng tredjepartar direkte tilgang til fontfilene? Skildr i så fall rolla deira.
  6. Kva skrifttypar og styles ønskjer du å lisensiere?
  7. Ønskjer du å tilpasse namn eller design på fonten til merkevara di?

Send førespurnaden til post@nortype.com. Vi svarar med eit tilbod så snart som mogleg.

Proof of License, levering, refusjon og fullstendige vilkår

Etter checkout får du Proof of License og fontfiler på e-post.

Kontroller at e-postadressa er rett, og sjekk at Proof of License samsvarar med License Owner, tal på tilsette, License Type og styles du ønskte å kjøpe.

Font Software kan ikkje returnerast og blir ikkje refundert etter levering.

Denne guiden er ei lettlesen oversikt over korleis du vel og kjøper rett lisens. Han erstattar ikkje EULA-en. Dersom noko i denne guiden er i konflikt med EULA-en eller License Documentation, gjeld EULA-en og den relevante License Documentation.

For å forstå tankegangen bak modellen kan du lese Slik fungerer Nortype sin lisensmodell. For ei detaljert oversikt over tilgjengelege lisenstypar kan du lese Rettleiar til Nortype sine lisenstypar.